‑Har ho fått inspirasjon, sit ho oppe heile natta, intenst oppteken med å få fram
dei rette detaljane. Det gjeld å måla i rette augneblinken!
Det er Jack Toftey som seier dette om kona si Suzanne. Oldefedrane hennar var Hans Bøyum frå Fjærland og Britha Huseby frå Systrand. Suzanne er mellom dei aller beste rosemålarane i heile USA, om ikkje den beste. For nokre år sidan oppnådde ho å få gull frå Vesterheim‑museet under den store nordiske festen der.
Susanne måler norske motiv som seterjenter og geiter, nissar og troll, tre og bekkefar. Men også bibelske bilde ligg hjarta hennar nær. Den gode hyrding, Jesu dåp og himmelfart er måla og sett inn i kraftige råmar ‑ av det rosemåla slaget. Nokre reagerte på det ‑ samansetjinga var ny. Men i dag er folk vorte vane med det og godtek det. Presten var blant dei første som gratulerte henne då ho kom heim med gullmedalje frå Vesterheim‑ museet.
Men etterspurnaden etter produkta hennar var så enorm og med så lange ventelister at ho måtte gjere noko med det.
Måtte masseprodusere
Få nokon til å masseprodusere. Det var den beste løysning som fanst. Nå gleder ho tusenvis. Firmaet til Barry Bergquist i Minnesota produserer keramikkprodukta hennar. Han sel nå til omkring 2.500 butikkar i heile USA.
På spørsmål om Suzanne har oversyn over kor mykje ho sel., så seier ho nei. – Men det er svært mykje.
– Kva for produkt sel mest?
– Guten med lutefisk og jenta med lefse, seier Suzanne. Så populært som lefse er blant dei norske i USA, er ikkje det rart. Med lutefiskguten har ho gjort ein vri som er svært treffande. Guten på nesa av lukta frå fisken. For også lutefiskelskarar veit at lukta er ille, det er smaken som er god, visstnok.
Og guten med lutefisk og jenta med lefse, og ei rad andre motiv, kan du få mellom anna både på koppar, veggtallerken, forkle og kort.
Familien er modell
– Kven er modell for deg?
– Mange av dei eg kjenner, er modellar. Også borna og barneborna mine. Yngste dottera har fått tvillingar, og dei kjem vi til å sjå på nokre av produktar, fortel Suzanne.
Ho har lange arbeidsdagar. Har lova å lage ei utstilling til den store nordiske festen i Decorah i sommar. Dessutan har ho rosemåla både vegger og anna interiør i ein McDonald-restaurant i Minot, Nord Dakota, byen der det er haustfest, eller “hostfest” som det heiter på dei kantar, kvart år.
Og så måtte ho ha tid til å bli intervjua i eit stor Tv-program om skandinavisk kunst i USA. Også danskar, islendingar og finnar ønskjer ho skal måle bilde som er typiske for deira tradisjon, men ho prioriterer nordmennene.
God hjelp i arbeidet sitt har Suzanne av mannen Jack, også han norskætta. Han pensjonerte seg tidleg. Han hjelper både med data og sal.
(Kjelde: Boka Drøm og dramatikk i det norske Amerika. 1997. Genesis Forlag. Utseld).
Be the first to comment on "Rosemålar med gullglans i kvalitet og sal"