Kjærleikssorg og krigsdramatikk er knytt til Bernt Olmandsen Kilsti frå Norddal. Han var ein av to frå denne bygda som utvandra i 1851 og deltok i den amerikanske borgarkrigen. Den andre var Severin Olsson Kleiven, fødd i 1824. Han veit vi svært lite om. Bernt Kilsti derimot finst det masse opplysningar om, mest fordi han skreiv både brev og dagbøker.
I mange år har eng undra meg på kven Bernt Olmansen var, ein av svært få frå Sunnmøre som deltok i borgarkrigen. At han også heitte Kilsti var lenge ukjent for meg fordi det ikkje er nemnt i Ulvestads store bok “Nordmændene i Amerika”.
Severin Olsson kan eg kkje sjå er omtalt i Ulvestad-boka og heller ikkje på nettstaden www.vesterheim.org, der namn på over 6000 norske borgarkrigssoldatar og – offiserar er med. Nå bør også han få sitt namn der ut frå det lokale folk som Astor Furseth og Harald Storås har opplyst til meg.
Dagbok
Bernt var bror til Ole Olemandsson Kilsti, som var handelsmann og første postopnaren i Eidsdal (Ytterdal) i 1873. Bernt var fødd på Kilsti i 1827. Også systera Helena emigrerte. Ho var fødd i 1843, same året faren Olemand Kilsti drukna ved at båten dreiv opp på Bådefluen i Borgund på fiske der. Endå ei kvinne frå Norddal emigrerte i 50-åra, nemleg jomfru Petrine Hvidt.
Både Bernt og Severin deltok i borgarkrigen som musketerar, som infanteristar.
Etter krigen skal Severin Kleiven ha busett seg i Minnesota, men meir veit eg ikkje om han.
Bernt skreiv regelmessig heim, men kom aldri attende til Noreg. Sonen til Bernt, Albert, fekk gitt ut dagboka som Bernt skreiv frå krigstida, på engelsk, seinare er ho omsett til norsk. Harald Storås i Eidsdal, som er oldebarn til Bernts bror Ole, har eit eksemplar av dagboka. Dessutan er det oppbevart fleire brev som Bernt skreiv mens han var i krigen.
Fekk ikkje jenta han ville ha
I dagboka er det også med nokre sider som Albert har skrive. Der fortel han kvifor Bernt reiste ut: Han var forelska i ei jente frå ein gjæv familie, medan Bernt var son til ein fattig fiskar som drukna då Bernt var 15 år gammal. Foreldra til jenta fann han ikkje som godt nok parti. Difor ville han prøve lykka i Amerika. Frå Amerika sende han ein gullring til jenta saman med ein gullmynt på 2 ½ dollar. Likevel gifte ho seg med ein annan. Det blir fortalt at ein gong dette ekteparet var på rotur til kyrkja i Dale, blei det storm og dei forliste. Mannen heldt kona si oppe så lenge han orka. Då han var redd dei skulle drukne begge to, tok han gullringen av fingeren hennar og sleppte henne. Han berga seg. Seinare gifta han seg på nytt, og den nye kona fekk gullringen første kona hadde fått av Bernt.
Initiativrik mann
Av det Ole Olmanson skriv, går det fram at Bernt var ein initiativrik mann. Etter ei tid i det nye heimlandet, slo han seg ned i Keokuk, Iowa, og byrja med oppdrett av ungdyr og køyring av tømmer. Han hadde kjøpt to store vogner og hadde to oksar til å trekkje kvar vogn.
Men for å hente tømmer måtte dei krysse ei elv. Det kosta pengar å bruke ferja. Då fann Bernt på å spenne oksane frå vognene, og let dei symje over. Då slapp han med å betale for begge vognene. Ferjemannen likte ikkje dette, men let det passere.
I 1856 selde han verksemda i Keokuk og kjøpte hestar og ei vogn og flytte til Minnesota. Der kjøpte han eigedommar i byen St. Peter, som det var vedtak om skulle bli Minnesotas hovudstad. Likevel måtte Bernt selje etter kort tid med lita forteneste for å greie å drive ein mursteinsfabrikk som han åtte. Men verksemda gjekk ikkje godt fordi leira dei nytta, var for dårleg. Elles viste det seg at det blei St. Paul som blei hovudstaden, og eigedommane Bernt hadde selt, gjekk kraftig ned i verdi.
Hotellstyrar
Seinare flytte Bernt til Wisconsin, så til Cincinnati i Ohio, der han skulle drive eit hotell i eigarens fråver.
Så ville han freiste lukka på nytt, no i sørstatane. Men det gjekk ikkje bra. Hen vende attende til hotellet, og jobba der ei tid.
Seinare kom han til Iowa igjen, der han vart sjuk. Ein heil vinter låg han med feber. Han fekk bu hos eit ektepar, som stadig tretta, og alltid tretta om kven som byrja. Bernt bestemte seg då for at han aldri skulle gifte seg!
Hausten 1860 var han frisk att, og nå kjøpte han ein flatbotna båt og reiste med ei potetlast til New Orleans. Elva fraus til, men han greidde å halde potetane frostfrie.
Frå New Orleans hadde han med seg ei stearinlyslykt som Ole fortel dei framleis har.
Kulene suste
Men nå, i 1861, var det borgarkrig i hans nye heimland, på grunn av usemja om sjølvstende i unionen og om slavehald. 26. september mønstra Bernt inn i Minnesota regiment nr. 2, kompani E.
Bernt overlevde, men det var nære på fleire gonger.
* Ein gong gjekk ei kule gjennom hatten, men trefte ikkje hovudet.
* Ei kule trefte ein medsoldat som døydde. Kula skvatt så rett opp i handa på Bernt i det han sat og ladde børsa. Han tok den varme kula, putta ho inn i geværet, og skaut mot fienden.
* Ein full medsoldat kasta ein gong kniven i retning Bernt. Men kniven trefte pelen som heldt opp teltet.
* Ein annan gong gjekk ei kule gjennom ullteppet han bar under armen.
Men aller verst var det i slaget ved Chicamauga i september 1863, der den norske obersten Hans Heg fall.
– Kulene fall som regn. Ein gong fekk vi ordre om å leggje oss ned på open mark. Eg låg ved eit tre som hadde falle ned, bak stomnen som var tre meter høg. To kanonskot trefte stomnen, og den fall ned rett over meg. Eg trudde ikkje eg skulle sleppe frå det med livet, men til slutt rømde rebellane (sørstatssoldatane), og vi sprang etter dei til vi kom til ein skogkant.
I eitt av dei aller fyrste brev, datert 25. november 1861, skriv Bernt at det er 40 kvinner i kompaniet, nokre av dei tener sine pengar på naturens vis. – Ei av dei har til gode av ein soldat så mykje som 40 dollars.
Gifte seg
Etter krigen slo Bernt seg ned på ein farm han og ein kamerat hadde kjøpt 120-130 km utanfor St. Paul.
I St. Paul trefte han Ole Bull som heldt konsert der. Men fiolinisten klaga over at han ikkje spelte så bra. Natta før hadde han ikkje fått sengeplass i eit hotell, men måtta sove på golvet i hallen.
Bernt Olmanson overlevde både dei vanskelege tidene i 70-åra då grasshoppesvermar øydela avlingane år etter år. Verst var likevel ein difteriepidemi som utrydda omtrent alle born.
Bernt gjekk frå lovnaden han hadde gitt om at han ikkje skulle gifte seg. Gunhild frå Lom blei kona hans, og dei fekk fleire barn.
Bernt hadde fått eit nystemente før han emigrerte. Det tok han vel vare på. Ikkje bare boka, men også innhaldet.
86 år gamal døydde han – i tru på at ein dag skal trompeten atter lyde. Ikkje den som kallar til krig, men som kallar til samling i den nye himmel og den nye jord.
Be the first to comment on "Krig og kuler, tru og kjærleik for Bernt frå Norddal"