Gripande Amerika-brev frå Aaker-familien i bok – Då Ole Bull heldt konsert for Mari Aaker Groven

Knud og Mari Aaker. Alle foto frå boka

– Stakkars Anne Groven. Ho er i elendig forfatning med mange farlause born. I tillegg er ho gravid, og det er tungt for henne å bera sorga.

Det er svigerfaren hennar, Knud Saavesen Aaker, som skriv dette i eit brev av 5. februar 1863.

Brevet er med i eit nytt bind frå Den norskamerikanske Historiske  Foreining (NAHA), redigert  av  Bjørn Gunnar Østgård. Boka på engelsk har tittelen ”America-America LETTERS”

Anne var den einaste av svigerborna til Knud Aaker og kona Mari som opplevde så mykje sorg i ung alder. Først vart mannen Saave råka av lyn og døydde. Tre år seinare døydde eitt av borna hennar, Andreas, medan han var soldat i borgarkrigen.

Dei 78 breva som er med i boka, gjev gripande informasjon om livet til  immigrantane.



Frå gode kår

Knud Saavesen og kona Mari emigrerte frå Lårdal i 1845 med  sju born. Sonen Saave (Groven) og kona Anne Christine Schodt kom over i 1852.

Knud  hadde sentrale stillingar i heimbygda. Mari var født Hægtvedt.

Først slo dei seg ned i Koshkonong i Wisconsin, men  seinare flytte dei alle fleste av Aaker- folket til Holden i Minnesota.

Fleire i familien var aktivt med i kyrkje og skolestell. Det  gjeld ikkje minst sonen Lars, som var med på grunnleggje dei nå så velkjende  Luther College i Decorah, Iowa,  og St Olaf College i Northfield,  Minnesota.

I same brevet der Knut skriv om at Anne har det så vanskeleg, skriv han om at han sjølv har vore alvorleg sjuk. Men ved juletider har han kome seg rimeleg bra, og takkar Gud for hans godleik, tålmod og omsorg.

Mari døyr

Knut fortel i eit brev dette:

– Vi har nå flytt inn i eit nytt tømmerhus,  13 x 15 fot innvending. Huset har kjellar og loft og dessutan eit tilbygg. Det heile vart dyrt då dei måtte hente plankar 6 kilometer unna. Det gamle huset har dei leigd ut, men taket var så rote at dei måtte støtte det med pelar.

Eit av dei mest gripande breva frå Knud Aaker er der han skriv om dei siste dagane før kona Mari døydde, og gravferda hennar.

I brevet fortel Knut at Mari er sjuk, ”så sjuk at bein og mage vart like store som dei til Ingeborg Kjaerrets”. Men ho kom seg, men  i slutten av juli nærmar det seg slutten. Storfamilien er samla, ho får nattverd, og svigerdottera Anne, som vi ofte les om var dårleg, fortel om Jesu frelsesverk. Mari gjorde teikn til at dei skulle be saman, og ho døydde i fred.

Av brevet går det fram at gravferda vart ei stor oppleving.

Bli prest

Pastor Muus meinte at Annes son, Andreas, burde bli prest. Både presten og familiemedlemmer ville hjelpe han til å gå på den nyoppretta Luther college  i Decorah. Der gjekk han skoleåret 1863-64 trass i at faren hans var død eit år tidlegare og moras økonomi var skral.

Mange av breva mellom mor og son handlar om helse og sjukdom og pengemangel, men og om gode dagar –  og mykje om tiltru til Gud både i både gode og vanskelege dagar.




I eit julebrev frå desember 1863 skriv Andreas til mora at han er lei for at han nok ein gong må be om pengar. Han har kjøpt ting på kreditt. Han må bli på skolen i jula. Dei fleste reiser heim, men nokre blir att.

Kort tid etter at Andreas var ferdig med første året på college, verva han seg som soldat. Utan tvil var mora Anne ganske mykje imot det.

Andreas deltok ikkje i kamphandlingar.  I september 64 fortel han at alt er vel.

– Eg trivest godt, og blir det ikkje verre, skal eg ikkje klage.

Sjuk og døyr

I november er han ikkje i form, og ventar sterkt på brev frå mora. Det er eit mageonde som plagar han.  Men nå er han betre. Men han er ikkje i stand til å dra vidare  for å vere saman med kompaniet.

– Eg kan så vidt gå. Doktoren har lova meg permisjon, men eg må bli sterkare før eg kan dra, skriv han 25. mars.  Han sluttar med” Lev vel i Gud”.

Ein ven av han, Niels Pedersen, føyer til nokre ord i brevet, der han fortel at Andreas har levert han 27 dollar som han skal sende til mora.

Det var siste brevet frå Andreas.  3. april skriv Niels Pedersen at Andreas døydde 1. april. Dermed hadde Anne missa både mann og den eine sonen. Draumen om at sonen skulle bli prest, gjekk ikkje i oppfylling.

Politikaren

Den eldre generasjon av norske immigrantar i Amerika, engasjerte seg sterkt i både kyrkjeliv og skolestell. Men arbeidet på farmen tok likevel meste tida. For den yngre generasjon var det annleis. Nokre av de engasjerte seg nærast på full tid i det offentlege. Lars,  nest eldste sonen til Knud og Mari, er eit godt døme på det. Så var eit godt grunnlag lagt i Noreg idet han hadde tatt lærarskoleeksamen på seminaret i Kviteseid i 1845.

Lars vert i boka karakterisert som politikar og familiemann. Utan tvil var han begge delar. Men det er like klårt at han var mykje borte frå heimen. Krigsteneste og tillitsverv var skyld i det.

Brev frå kona Katrine fortel ope om kor ho lengta og kjende seg einsam.

Lars var i åra 1859-60 og 62-77 medlem av den lovgjevande forsamlinga i Minnesota. I 1881 vart han valde til medlem av statssenatet. President Grant utnemnde han så til registreringssjef på landkontoret i Alexandria, dit familien flytte i 1869. Dessutan var han  frå oktober  1861 til mars 1862 løytnant i eit Minnesota-kompani, men måtte slutte på grunn av fysiske problem.

Av desse grunnar var han mykje borte. I eit brev datert februar 1860 skriv Katrine til han:

– Du kan ikkje  forstå kor mykje glede de siste brevet ditt har gjeve meg. Eg har vore så einsam og nedfor sidan du drog så eg kan mest seie eg har vore sjuk. Eg har vore opp heile denne veka, men har vore så veik at når eg går over golvet, skjelv eg i kvart lem. Babyen veks tålug bra. Eg er redd ho ikkje er heilt i form…
Fleire liknande brev finn vi i boka.  Men enden var lukkeleg. Han kom vel heim frå krigen, men andre oppdrag stod for tur. Han var i lange periodar i St. Paul, Minnesota, som vald politikar.
Sommaren 1879 tok Lars sin første tur tilbake til Noreg.

Han var redd fjella skulle sjå mindre ut enn dei var, men her tok han feil. Fjella var høge, men mykje anna syntest han var smått. Lars drog frå gard til gard for å besøke familie og vener. Det var så mykje prat at han det mest var for mykje og for lite svevn. Men han fann ingen stad så fager som Lårdal.

Politikaren Lars K. Aaker

Då Ole Bull heldt konsert for Mari Aaker Groven

Ei rørande forteljing er med i boka ”America-America LETTERS”, som Bjørn Gunnar Østgård har redigert og Den norskamerikanske Historiske Foreining (NAHA) gjeve ut.

Det er Brynhild C. Rowberg, etterkomar av Knud og Mari Aaker, som fortel om ei  hending som gjeld Mari, dotter til Anne og Saave Aaker Groven frå Lårdal. Ho arbeidde som ung på Swan hotell i Red Wing i Minnesota. Dit skulle ein dag sjølvaste Ole Bull kome. Han skulle overnatte på dette hotellet. Det var sagt at før konserten skulle han bare ha mjølk og litt biff, men eit større måltid etterpå.

Mari hadde billett til konserten. Men så kom det eit forslag om at ho burde lage noko typisk norsk mat til fiolinisten.




Mari hadde ikkje anna å gjere. Det førte til at ho ikkje fekk med seg konserten. Ho var lei seg og einsam.
Då Ole Bull fekk servert maten Mari hadde laga, trudde han knapt sine auge.

–”Nei, har du sett på maken!” kom det frå han.

-Kven har laga dette for meg? Hent eit glas mjølk og ei skei til meg. Du skal få sjå når eg et rømmegraut, sa Bull. Og vart atter forundra då dei sette fram lefse til han.

– Kven har laga dette?

Nå måtte dei hente Mari. Jau, det var henne.

– Kom og sit ned her og fortel meg historia di. Og om du likte konserten?

– Sir, eg fekk ikkje gå på konserten

– Kvifor det, likte du ikkje musikken min?

– Jau, sir, eg hadde billett, men…

Då braut ei fru Dennison inn:

– Marit måtte vere her for å lage mat. Men ho er meir glad i musikk enn  nokon. Nokre gonger syng ho for oss i kjøkkenet

– Så du fekk ikkje gå på konserten fordi du måtte lage rømmegraut og lefse!

Hent fiolinen min!

– Sidan du Mari ikkje kunne kome til konserten, skal eg bringe konserten til deg.
Og så byrja han å spele det beste han kunne. Musikken fylde romet.

– Dei seier du kan syngje, Mai. Kva er du særleg syng?  Nå skal du og eg framføre ein duo for dei som er her. Kom og stå her og framføre songen din, eg vil akkompagnere. Nå Mari, syng!

Og trollbunden av augo hans kunne ho ikkje anna enn opne lippene og nølande synge

Då ho var ferdig, avslutta Ole Bull med ein firestemt koral. Han spela, augo var attlatne, medan kroppen hans svaia i takt med musikken.

Mange år seinare, då Mari var bestemor, kunne ho syne barneborna ei lesebok der denne historia var med.

Vesle Mari frå Lårdal som song for Ole Bull!

Be the first to comment on "Gripande Amerika-brev frå Aaker-familien i bok – Då Ole Bull heldt konsert for Mari Aaker Groven"

Leave a comment

Your email address will not be published.


*