Soknerådet hadde vedtatt at den gamle kyrkja skulle rivast. Ho var brannfarleg og ubrukeleg. Men folket hadde ei anna meining om den kjære hallingkyrkja. Kunne dei samla inn 200 000 dollar for å restaurera kyrkja? Ja, dei greidde det. Alle gode krefter ville at den vel 70 år gamle kyrkja skulle stå, fedrane sitt landemerke.
Kyrkja vart bygd i 1926 i Mountain View omlag 40 kilometer sør for Seattle i staten Washington. Alt i 1880-åra kom det nybyggjarar hit. Like etter århundreskiftet kom pastor Olaf Skattebol saman med seks andre familiar frå Ål. Det var Ole og Kristine Nestegard, Knut Li, Thom og Ågoth (Helling) Berntsen, Nils og Rønnaug Mork, E. M. Iverson og broren hans Erling. Dei grunnla ein luthersk kyrkjelyd med namnet Puyallup Evangelical Lutheran Church. Dei første åra heldt dei møta i heimane, seinare samlast dei i ei kyrkje i nabolaget. Men i 1909 bygde dei si eiga lille kyrkja, måla var ikkje meir enn 19 x 30 fot. Kostnadene var 225 dollar. Kyrkja vart reist på dugnad. Dermed hadde kyrkjelyden fått sitt gudshus. Og gudstenestespårket var norsk.
Fleire frå Hallingdal
Seinare kom det fleire immigrantar frå Hallingdal. Mellom dei var Knut og Ingeborg (Gjernes) Helling. Dei hadde ei tid vore farmarar på land som var eigd av Asle Bjella, også han frå Hallingdal. Men i 1923 flytte dei til Mountain View der ein onkel, Knut Skrinde, og ei tante, fru Berntsen, budde.
Kyrkjelyden voks, og dei måtte ha ei større kyrkje. I 1926 vart bygd ei kyrkje i typisk norsk stil. No tok kyrkjelyden namnet Mountain View Norwegian Lutheran Church. Same kyrkjeklokka som i den lille kyrkja blei brukt i den nye. I fleire år hadde dei pastor saman med ei anna kyrkje, men i 1939 fekk dei sin eigen pastor, E. S. Tollefsen.
Kyrkjelyden var trufaste med å bringe Guds ord vidare. Og som vanleg blant immigrantane, dei hadde mange festar antan det var jordbærfestar eller lutefiskmiddagar. Kyrkja var på mange måtar eit senter i den norske bygda, der skulehuset berre hadde to rom – ikkje så ulikt mange gamle norske skulehus.
I dag er Mountain View del av eit veksande område kalt Edgewood med eit folketal på over 10 000. Og nok ein gong var det behov for ei større kyrkjebygg. I 1965 stod ein ny kyrkjesal ferdig. Seinare er detbygd gymnastikksal og undervisningsrom.
Riv kyrkja!
Men den gamle bygningen vart ikkje riven, men blei nytta som kapell, til mindre bryllaup og til søndagsskole og ungdomsmøte. Med sitt høge tårn står kyrkja som eit landemerke. Bystyret i Edgewood har kalla det eit merke som «minner oss om at det i ei vanskeleg verd er ein stad ein kan vende seg for å få hjelp utan omsyn til kva krisa er».
Men ver og vind har tært på bygget. For vel eitt år sidan fekk kyrkjelyden melding om at bygget ikkje lenger var trygg å opphalde seg i. Bystyret meinte ein ikkje hadde anna å gjøre enn å rive kyrkja.
Folket sa nei
Men då sa folket nei. Kyrkja skulle stå. Dei fekk seks månader på seg til å berge kyrkja. Andy Helling, som heile sitt liv hadde vore medlem av kyrkja, og kona Marilyn, var to av dei som gjekk i brodden for å berge gamlekyrkja. Vart kyrkja reparert, kunne ho framleis verta nytta. Loppemarknad, lefsesalg, auksjon og mykje meir av ulike aktivitetar vart nytta for å skaffe pengar. Dessutan fekk dei som gav 5 000 dollars eller meir, namnet sitt på ein plakat.
Då vi snakka med Marylyn Helling stutt tid etter at fristen gjekk ut, kunne ho glad fortelje at dei hadde klart å samla inn dei 200 000 dollarane, omlag 1,5 millionar kroner. Folk hadde gjeve av ulike grunnar, religiøse, historiske, kulturelle, arkitektoniske, rett og slett fordi dei ville fedrane si kyrkje skulle vere mellom dei. Innsamlinga samla folk. Landemerket skal framleis står der både som vegvisar og som samlingsstad for hallingane i Mountain View.
Be the first to comment on "Folket berga hallingkyrkja"