I 1867 emigrerte bonde og fiskar Hans Bøyum og kona hans Britha frå Fjærland til USA. Den eitt år gamle dottera Kari var med då drei drog. Men ho nådde ikkje målet. Veret under overfarten var stormfullt, maten vart dårleg og alle blei sjuke, lille Kari så ille at ho døydde. Ho fekk si grav i Atlanterhavet si store djupn. Med det tapet og den sorga tok nybyggjarlivet til for Hans og Britha.
Det er Jeffrey Jon Toftey som fortel dette i ei oppgåve han skreiv som college‑student i St. Cloud, Minnesota. Britha og Hans Bøyum var tippoldeforeldra hans.
Oppgåva hans byggjer særleg på samtaler med tante til hans mor, Bernice Hanson, som igjen har opplysningane frå Britha og Hans, særleg Britha. Den kunnskapen vi får om livet til
immigrantane, er god fordi den er realistisk. Vanskane dei møtte, er tatt med. Rett nok lærer vi mest om dei ytre problema, kva den einskilde tenkte og sa, finn vi mindre om. Men nokre episodar gjev interessante glimt av kva som rørde seg i tanke og sinn.
Hardt over Atlanteren
Hans O. Bøyum var fødd i Fjærland 18. september 1840. Kona Britha O. Husebø var fødd same året. Då hennar familie flytte frå Leikanger til Fjærland i 1860, tok dei etternamnet Skeide.
Fiske og gard var næringsgrunnlaget på garden Sva der Hans og Britha budde. Britha fortel ho var seterjente kvar sommar i lag med mange andre jenter. Britha og Hans gifte seg i 1865, to år seinare forlet dei heimlandet. Overfarten var hard, mindre hardt var det knapt å kome frå New York til Minneapolis. Dei reiste i følgje med mange andre, med vogn og okse som trekkdyr. Dei hjelpte kvarandre, bar med seg det dei trengte, dagens mange amerikanske restaurantar hadde ikkje grodd opp. Villdyr og fisk som dei fanga, var ei god hjelp for svoltne landevegsfararar.
Tok inn hos ein fetter
Framme i Fillmore county i søraust Minnesota tok dei inn hos Hans sin fetter, Hans Berge. Britha og Hans fekk seg arbeid ute med såing og hausting. Dei tente nok pengar til å kjøpe eit plogjarn, fekk laga eit trestykke, så reiskapen kunne brukast til pløygjing. Trekkraft var ein okse.
Året etter drog dei til Renville county saman med vener frå Noreg: Ole O. Nesburg, Iver Branjord, Andrew Nesseth, Mathias O. Lee, Siver Nelson, Andrew Nelson, Hagen Elstad, Ole Hogstad, Eric Lokken, Louis Hanson og Sylvester Olson og deira koner og born.
Britha og Hans fekk 160 acres land, 640 mål. Denne farmen har vore i familien sitt eige sidan då.
‑Dei første åra var harde og vonde for pionerane, skriv Jeffrey i oppgåva si. Dei var ukjende i landet, lite hadde dei å hjelpe seg med, og klimaet i Minnesota var ikkje lett.
Budde i ei jordhole
Om husa skriv Jeffrey:
‑Den første heimen deira var ei jordhole dei grov ut der landskapet låg mest i ly for ver og vind. For dyra blei det sett opp torvveggar for å gje litt ly. Vatn fekk dei frå nokre myrsumpar eit stykke unna, det måtte dei køyre heim med oksar og kjerre. Men, skriv Jeffrey, deira faste tru på ein venleg, rettferdig Gud og tillit til at dei kunne klare å lage seg ein lykkeleg heim i villmarka, bar dei trygt og godt gjennom desse første harde åra.
I åra som følgde, kom fleire pionerar til Renville, mellom anna familiane Melvold, Rund, Bergly, Enger, Hatlestad, Melvold og Eidsvold. På sundagane samlast dei i heimane til lesing frå huspostillen, til andakt, bøn, og song, ikkje minst song dei mykje. Alt i 1868 blei Hauge kyrkjelyd skipa, der Hans Bøyum og fleire av dei andre ovannemnde stod som medlemer. 12 år seinare kjøpte dei tomt til kyrkjebygg, og eit tømmerhus vart kjøpt for 100 dollar. Det reiv dei ned og bygde opp som kyrkjehus. 13. mai 1882 var dagen komen då kyrkjehuset vart tatt i bruk.

Dobbeltbryllup på prærien: To av borna, Olai og Oline, gifte seg same dagen ‑ 25. juni 1903. På bildet ser vi Olai og Thilda i midten og Oline og Peter til høgre for dei. Bildet er tatt framføre huset til Britha og Hans.
Forferdelege snøstormar
‑Ormar og rotter kom inn i huset hos Britha og Hans og skapte frykt. Forferdelege snøstormar var mellom dei andre plagene. Den første kom medan dei budde i jordhuset eller jordhola. Tre dagar varde han. Då var det ikkje lenger skjemt når det vart sagt at kjem det meir, må vi ta snøen inn: Hans måtte grave snøen inn før han kom seg ut. 20 trappesteg laga han før han var ute og oppe. Med ei fiskestong fann han fram til høystakkane, bar dei heim og måtte sende dei ned til dyra gjennom taket…Og då snøen smelta om våren, rann vatnet inn i hus og fjøs. Britha laga eit hol i golvet, der samla vatnet seg, og så bar ho det ut…
Britha fortalde at med seg frå Noreg hadde dei ei trekiste og ein rokk. Kista var reine oppbevaringsstaden, der hadde dei klede, koppar og kar, mat, sy og strikkesaker m.m. Når ho skulle lage eit måltid, opna ho kista, tok ut kokesakene ‑ ein kjele og ei panne ‑ let att kistelokket og brukte det som bord.
Bygde tømmerhus
Men alt i 1868 bygde Hans ‑ med hjelp av 11 andre familiar ‑ eit tømmerhus. Utan tvil eit stor framsteg sjølv om det nok var glissent mellom stokkane. Tømmeret køyrde dei heim om vinteren frå skogen ‑ på sjølve prærien var ingen tre, berre høgt gras. Halm blei i USA som i Noreg brukt i madrassane, og såpe laga Britha frå aske og soda.
Seks år før Britha og Hans flytte til Renville hadde det vore ein konflikt mellom indianarane og dei nye som kom. Også i åra som følgde var det uvenskap. Kanskje var det ein grunn for at Hans og Britha slo seg ned nokså nær det fortet som vart bygd i Rigdely. Det hende at indianarane kom heilt bort til vindauget og såg inn. Hans hadde gjerne litt tobakk til dei, og Britha hadde norske smykke på lur ‑ i tilfelle ho måtte gå så langt som å gje dei det. Men det trengte ho ikkje.
Grashoppeinvasjon
Snø og storm var ille nok, men endå verre var grashoppene. Jeffrey refererer frå historieboka for Renville county, der det står: “Den tredje juli 1874 kom grashoppene, ei plage som nybyggjarane ikkje hadde høyrt om anna enn i Bibelen. Dagen etter, var det fint solskin, men omlag klokka 10.30 sverma grashoppene som snøstorm, som om dei kom ned frå himmelen, så mange at det vart mørkt. Klokka fire om ettermiddagen slo dei seg ned på markene, og åt opp alt dei fann. (Britha sa at berre potetane i jorda var att. Ho fortalde og at hønsa åt så mange grashopper at egga dei la dei næraste dagane, hadde raud eggeplomme, som smakte svært uappetittleg.) Ei veke etter drog grashoppene sin veg, men då hadde dei lagt egg. Nybyggjarane vona at den strenge vinteren ville knekkje dei, men i midten av mai tok klekkinga til, og minuttet etter at insekta var ute av skalet, tok dei til å ete. Tre dagar etter var det ikkje eit grønt strå å sjå. Til og med gjerdestolpane var delvis oppetne.”
I 1876 hende det same. Men fjerde året kom det færre, og som ved eit under blei dei borte i løpet av ei natt.
Fekk arbeid andre stader
Grashoppeinvasjonen verka øydeleggjande, og mange menneske blei vonbrotne og drog til andre kantar av landet. Men heldigvis blei det rekordavlingar i andre område i Minnesota, så mange av farmarane drog dit for å tene pengar.
Både Hans og nokre av grannane drog av stad, og då budde Britha og andre kvinner med borna sine hos familien Peder Nelson. Der fødde Britha dottera Sara.
‑På den tid fødde ei kone medan ho stod på knea på ein høysekk. Men mange både born og
mødre døydde under fødsel. Å få eit barn friskt og sunt var noko å vere takksam til Gud for. Hans og Britha fekk i alt fem born i USA.
Umenneskeleg snøstorm
Men problema var ikkje borte med grashoppene. Oktober den 15. og 16. kom det 24 tommar med snø. Temperaturen fall til 35 grader minus C, og vindstyrken var 110 km pr. time. Snøfennene var opptil 6 meter høge. Husdyr fraus i hel, og avling vart øydelagt. Uveret førte til at mange kom i ein svært vanskeleg situasjon.
I februar 1881 kom ein liknande storm. Fem‑seks fot snø kom i løpet av stutt tid. Bygningane vart fullstendig nedsnødde. Britha fortalde dei måtte strekkje eit tau mellom våningshuset og uthuset for ikkje å gå seg vill. Dei brukte høy, møbel og anna tilgjengeleg til å fyre med for å berge seg.
‑ Dei hadde det forferdeleg vondt.
Grashopper, snø, storm, noko meir?
Ja, præriebrann. Om hausten brann det fire‑fem fot høge graset som papir. Men folk flest berga seg ved å pløygje ei svært brei for rundt farmen så ikkje flammen skulle spreie seg bort til husa, fortel Jeffrey.
Men denne præriebrannen heldt på å bli ein katastrofe for det nye kyrkjebygget. Som nemnt vart eit tømmerhus kjøpt for seinare å bli sett opp til kyrkjebygg. Bernice Hanson har eit utdrag frå eit 100-års skrift for kyrkjelyden. Av det går det fram at tømmeret låg lagra ute då præriebrannen kom. “Ein præriebrann i det 5‑6 fot høge graset kom feiande over slettene rett mot staden der tømmeret låg. John Elstad var den einaste som såg faren som truga. Han skunde seg for å prøve å redde tømmeret. Idet han skjøna at det var håplaust, vende han seg til Gud i bøn. Ikkje før hadde han gjort det, så snudde vinden og tømmeret vart berga”.
Kom saman på sundagane
‑Bøyum‑familien gjekk mykje. Om sundagane til samlingane hos naboar. Brukte dei oksar og vogn, hadde dei mykje trøbbel med å få dei til å gå. Var det varmt og oksane såg ein vanndam, gjekk dei dit. Heldigvis hadde dei ikkje då vegar med grøftekantar, då hadde vogna velta når oksane tok ut.
I dei dagane såg dei stort på eitkvart besøk. Kvar og ein som kom, var ein æresgjest.
Oline ‑ dotter til Britha og Hans ‑ gifte seg i 1903 med Peder Larson. I brudegåve fekk dei eit hestepar av foreldra hennar. Dei busette seg Eagle Bend. Der fekk dei først ei dotter, Inga, og så i 1913 ein son, Manford, men han døydde fire månader gamal. ‑Olines sorg førte til at dei flytte attende til Renville, skriv Jeffrey.
Heilt uvanleg er knapt opplysninga Jeffrey kjem med om at sorg fører til flytting. Men likevel kan vi nok tolke det slik at livet ‑ ikkje minst for kvinnene ‑ var så vanskeleg at det var svært viktig å ha mest mogleg familie i nærleiken. Som det går fram av både forsking og bøker, var det først og fremst kvinnene som hadde det vanskeleg, ikkje minst fordi mannen var mykje borte på arbeid. Mange norske kvinner så vel som immigrantar frå andre land, vart råka av depresjon.
Ny generasjon
Men livet gjekk vidare. Jeffrey fortel: Som vet eit samantreff vart bestefaren min, Stanley Morten Larson, fødd nøyaktig 9 månader etter Manfords død. Nokre månader seinare, 22. desember 1914, døydde nybyggjaren Hans Bøyum, 74 år gamal. Britha missa dermed sin følgjesvein gjennom 49 år. Sjølv levde ho til 1935. Då var ho 94 år gamal. Men slekta gjekk vidare. Svigersonen Peder fekk seg omsider både treskjeverk og traktor, og hadde ei tid ti menn i arbeid. Men så brann treskjeverket opp, det fanst ingen assuranse, og familien reiste frå farmen og til byen Fairfax. Dermed byrja ei ny tid ‑ Peder arbeidde først som politimann, seinare som tømmermann og mekanikar. Han var ein allsidig herre som så mange andre på den tid. Men Oline var ikkje særleg glad for bylivet. Også sonen deira, Stanley, Jeffs bestefar, byrja tidleg med småjobbar. Seinare blei det arbeid på farmar og mølle. Under depresjonen var det hardt, men han fekk vegarbeid og planting av tre. Løna var 31 dollar pr. månad, men det var ei lov at han måtte sende 25 dollar heim til familien. Seinare kjøpte han seg ei mølle. I 1938 gifte han seg med Erma Anderson, ho arbeide som sekretær på eit advokatkontor. Dei fekk tre born. Suzanne, fødd i 194o, er Jeffreys mor.
Vil sjå Noreg
Og då nærmar Jeffreys oppgåve seg slutten: Suzanne møtte ein sporty kar på St. Olaf college i Northfield, Jack Toftey var hans namn. Hans slekt kjem frå Halsn¢y ( Helge Anderson, namnet endra han i USA til Toftey, etter kona sitt namn, Bertha Tofte), Egerøy (Isak Seglem) og Egersund (Marie Grastvedt). Dei gifte seg i 1960. Han har vore trenar for fleire sportsklubbar og underviser i high school. Ho med hovudansvar for husarbeidet ‑ og svært dyktig rosemalar. Under den store nordiske festen i Decorah sist sommar oppnådde ho gullmedalje ‑ vel fortent meinte alle. Eitt av Suzanne sine rosemåleri blir med på den store
utstillinga av kunst frå Vesterheim‑museet som skal vere i Noreg i sommar. Suzanne og Jack har tre born, Jeffrey Jon og to jenter, Jenni og Jill. Jeffrey, som har skrive oppgåva, blei fødd i 1963. Han tok avsluttande eksamen ved universitetet i St. Cloud i 1987, og gifte seg same året med Theresa. I dag er han butikksjef i ei forretning som sel elektronisk utstyr. Dei har forlate prærien og bur i varme California. I oppgåva skriv Jeffrey at familien er aktiv. Det var også Hans og Britha. Elles var det meste annleis. Familien Toftey med ein vanleg fint hus, hytte i det nord‑ austlege Minnesota, Hans og Britha i eit jordhus den første tida ‑ trekkfullt og kaldt. Hussituasjonen kan vel stå som det beste teikn på den forandring som har skjedd. Men: Både Britha og Hans og Jeffreys sine foreldre har noko viktig felles: norske røter. Suzanne og Jack er fast bestemt på å ta ein tur til Noreg om ikkje altfor lenge. Med eigne augo vil dei sjå stadane der slekta kom frå (1988).
Be the first to comment on "Fjærland‑familie i kamp med snø og storm, grashopper og præriebrann i Minnesota"