Carl Doving hadde største salmeboksamling i verda

Dr. Carl Doving sette spor som salmegranskar og omsetjar.

I ei tid med stor merksemd om salmar, er det grunn til å minnast ein sunnmøring som har sett spor etter seg i USA.  Det er Carl Døving eller Doving slik han skreiv namnet sitt der borte. Mellom anna hadde han den største samling av salmebøker i verda. Sjølv omsette han ei rekkje nordiske salmar til engelsk. Men det er svært lite kjent i her i landet.

Carl Døving var fødd 21. mars 1867 i Norddal. Foreldra var Ingebrigt N. Døving og Inger (fødd Bjørstad). Carl fekk biskop Astrup som  pleiefar. Han gav guten opplæring og undervisning. Då Carl var 16 år, drog han med biskopen til Sør-Afrika, der han budde i  sju år. Der var han lærar ved Schreuder‑ misjonens skole i Natal.




Døving reiste til Amerika i 1890 og vart student ved Luther College i Decorah, Iowa. Seinare studerte han ved Luther Presteseminar, og var pastor i fleire kyrkjelydar i Minnesota og i Brooklyn, New York. Dessutan var han mange år, frå 1912‑34, bymisjonær i Chicago. For ein del år attende fanst det folk i Chicago som hugsa Doving som ein reservert og stille mann. Sine siste leveår hadde han på Luther College i Decorah, Iowa, , der han gjorde vitskaplege studiar i hymnologi (salmevitenskap). Før han døydde, gav han den store samlinga si til colleget.

Salmebøker på 326 ulike språk

Det er som ekspert på salmar, som samlar av salmebøker og som omsetjar av mange salmar at Doving er blitt mest kjend.  Han hadde den største  salmeboksamlinga i verda, 326  ulike språk var representerte. Martin Luthers Salme “Vår Gud han er så fast ei borg” fann han ut var omsett til 181 språk, i dag sikkert til endå fleire. På den store lutherske verdskongressen i Eisenach i 1923 vekte det oppsikt då Doving sende kopiar av denne salma på 129 språk.

I eit intervju med den norskamerikanske avisa Skandinaven i 1934 fortel Dr. Doving at den nordiske salmen som var omsett til flest språk då, var  “Fryd deg du kristensjel”. Han kjende til 21 ulike omsetjingar. Sjølv arbeidde han aktivt for at fleire av dei nordiske salmane kunne verte omsette til mellom anna gresk, tysk, hollandsk og islandsk.



Omsette salmar

Sjølv omsette Doving mange salmar til engelsk, salmar som finst i ei rekkje av dei amerikanske salmebøkene. Blant dei mest kjende er Den stor kvite flokk (Behold the host arrayed in white),  Jeg vet meg en søvn i Jesu navn (I know of a Sleep in Jesus’ name), Kjærlighet er lysets kilde (Love, the Fount of Light from Heaven), Hvor salig er den lille flokk (How Blessed Is the Little Flock). I den gamle salmeboka  (The Concordia Hymnal) frå Augsburg Publishing House var 16 salmar med omsetjing av Doving trykte. Den nye salmeboka til dei lutherske kyrkjene i USA (Augsburg 1978) har med tre omsetjingar, mellom anna  Built on a Rock the Church shall stand (Kirken den er et gammelt hus).

Dr. Carl Doving døyde 1. oktober 1937. Han er gravlagd i Decorah (Frå boka Drøm og dramatikk i det norske Amerika. Genesis forlag).

Be the first to comment on "Carl Doving hadde største salmeboksamling i verda"

Leave a comment

Your email address will not be published.


*