Marie frå Hafslo – Minnesotas Mor Teresa – gav tusenvis åndeleg og materiell hjelp

Bildetekst: Marie frå Hafslo opplevde sjølv vanskane som innflyttar, og lovte å hjelpe andre. Det gjorde ho i meir enn 50 år.Bildetekst: Marie frå Hafslo opplevde sjølv vanskane som innflyttar, og lovte å hjelpe andre. Det gjorde ho i meir enn 50 år.

Foreldrelaus, fattig og svolten gjekk den norske tenåringsjenta omkring i Minneapolis og selde biblar og annan kristen litteratur. Salet gjekk ikkje godt. Ingen gav innvandrarjenta trøyst og oppmuntring, noko ho sårt trengte til. Då lova ho at ho sjølv skulle kome attende ein gong for å hjelpe andre. Ho kom att. Tusenvis er takksame for det.

I meir enn 50 år var Marie Sandvik leiar for eit senter på East Franklin Avenue i Minneapolis som har gjeve born og vaksne, prostituerte og uteliggjarar mat og klede og omsorg. Kvart år har hundrevis av forkomne funne fram til tru på Jesus Kristus. Marie frå Sogn var Minneapolis’ Mor Teresa. Eller “Heltinna frå Minnesota” som eit kvinneblad kåra henne til.




Marie var fødd i Hafslo i 1902. Mora døydde då Marie var tre år, og ho vart oppfostra hos slektningar. Faren emigrerte til Canada i 1907, men døydde få år etter. I 1920 emigrerte Maria med denne attesten frå læraren: “Du kan bli prest om du vil, så gode evner har du!”

Vart sjølv sjuk

Utdanning ville ho ha, og gjekk på high school i Maple Plain, Minnesota. Om sommarane budde ho på eit lite rom i Franklin Avenue i Minneapolis og tente nokre dollar med å selje biblar og annan kristen litteratur.

Men ho hadde for lite pengar til mat. Vart underernært. Ein doktor fann henne, og fekk ho på sjukehus. Der kom ho seg. Tok college‑utdanning i Minot, og gjekk seinare på Temple Bar Seminary i Seattle. Dermed fekk ho teologisk utdanning, slik det var sagt i Noreg at ho kunne få.

Etter nokre år med misjonsarbeid i ulike statar, kom ho attende til Minneapolis for å tale i ei kyrkje. Då vart ho minna om lovnaden om å byrje arbeid blant dei fattige og utstøytte. Ho trudde nå helst Gud ville kalle ein sterk mann, og ikkje ei lita kvinne. Men kallet frå Gud vart stadfesta.

Med 25 cent og eit bibelord

Ho leigde ein bar, betalte ein månads husleige og hadde då 25 cent til overs. Men ho visste ho skulle stole på ordet i Filipperbrevet 4,19 om at Gud skal gje alt ein treng.

Klokka fem ein kveld var “kyrkja” klar til første møtet. Marie Sandvik talte ‑ slik ho kom til å gjere kvar kveld i fire månader framover.

To hundre kom på første møtet. Dei fleste var alkoholikarar, 30 var prostituerte. “Eg har kome for å tilby dykk eit nytt liv”, var det første Marie sa på møtet.

Alt på første møtet vart tre personar frelste. Marie vart invitert til eit måltid mat på ein restaurant. Arbeidet var i gang. Verset i Filipparbrevet 4,19 heldt. Folk kom med mat og klede. Fattige born og uteliggjarar fekk hjelp. Arbeidet voks. Fire år seinare minna Marie Gud om at ho trengte ein nær medarbeidar. Doris K. Nye kom for å syngje på eit møte, ho vart den nye medarbeidaren. Sidan delte Marie og Doris på ansvaret til Marie dei siste åra måtte ta det rolegare.



Omfattande arbeid

I Marie Sandviks tid ved senteret hadde 11 000 born har gått på åtte vekes bibelundervisning om sommarane. Hundrevis har fått mat kvar dag på senteret, som er eitt av dei største i USA. Mange kvinner kom kvar tysdag for å få klede, mat og oppleve fellesskap.

Uteliggjarane kom kvar dag. Til Maria. Samaritanen i slummen. Lille syster blant dei fattige. Ein pioner i byarbeid. For å nemne nokre av titlane folk har gjeve henne. Dessutan: Heltinna frå Minnesota.

Fleire tusen personar har gått fram til alterbenken og bekjent tru på Jesus Kristus.

Mange av dei som er blitt frelste på senteret, har seinare blitt gode støttespelarar i arbeidet.

‑ Og to har reist som misjonærar til Sør-Amerika, ein er pastor i Oregon, og mange andre som har funne Jesus som sin Frelsar her, er verksame andre stader, fortalte Marie eit par år før ho døydde.

Vart fri

Opplevingar ho har hatt i arbeidet, er utallege.

Ei kvinne fortel dette: ‑ Eg var i fengsel på grunn av prostitusjon og narkotikasal. Marie og Doris kom for å snakke med oss. Då eg vart fri, kom eg til senteret deira og fann Kristus. Dei skaffa meg ein jobb på ein restaurant. Nå er eg pensjonert sjukesyster, er sundagsskolelærar og har ei bønegruppe i heimen min. Eg er så glad at eg kom til senteret dykkar den dagen og at de fortalde meg om Jesus.

At behovet for evangeliet er like stort i dag som før, var ikkje Marie Sandvik i tvil om: – Heilt til Jesus kjem att!

Marie Sandvik døydde hausten 1992. Minnegudsteneste vart halden i den norske Mindekirken i Minneapolis. Marie vart gravlagd på Sunset Memorial Park. Der kviler ho til den store morgonen gryr. (Frå boka Drøm og dramatikk i det norske Amerika”, Genesis forlag 1997.

Framleis stor aktivitet

Den omfattende verksemda ved Marie Sandvik Center stogga ikkje med Marias bortgang. På nettsida til senteret finn vi mellom anna dette om aktivitetane:

Tre kveldsgudstenester og kveldsmat for folk frå gata.

  • Tusenvis av klede delte ut.
  • Nye sko til barn (over 600 utdelte i året).
  • Summmer Lunch Club for barn, omkring 1500 barn kjem kvar veke.
  • Kvinnemøte med mat og utdeling av klær.
  • Bibelstudium for vaksne.
  • Besøk i fengsla.
  • Gute- og jenteklubbar på laurdagane.
  • Ei rekkje opplegg i høgtidene.




Be the first to comment on "Marie frå Hafslo – Minnesotas Mor Teresa – gav tusenvis åndeleg og materiell hjelp"

Leave a comment

Your email address will not be published.


*